Frå kommunal gatefest til proff kunstformidlar
Sildajazz har teke steget opp i elitedivisjonen for jazzfestivalar.
Etter eit fråvær på ti år er eg attende på Sildajazz. Eg nærma meg Haugesund i bil frå nordaust, dei siste fire mila i ausande regnvêr, så på febrilsk jakt etter lovleg parkering (takk til ei særs hjelpsam parkeringsvakt...), ein kjapp innsjekk på det «resepsjonslause» hotellet Banken før eg kunne gje meg i veg til Haugesund folkebibliotek.
Eg kom i grevens tid, det vil seia fem minutt før konserten byrja, og kunne kapra ein av dei fire stolane som framleis var ledige. Så stod konferansieren der: «Hei, eg heite Andreas, og eg e festivalsjef.» Så fortalde den nybakte festivalsjefen Andreas Risanger Meland om at han som ungt avisbod hadde lånt platene til Jan Erik Vold og Arild Andresen på biblioteket og spelt dei av på kassettar som han lytta til på dei daglege rundane med aviser til eit utval haugalendingar. Om det var denne personlege vedkjenninga som inspirerte duoen Vold/Andersen, skal vera usagt, men i den påfølgjande timen åt publikum av hendene til dei to.
Humoristisk krydder
Dei byrja med tre dikt frå Mor Godhjertas glade versjon. Ja. «Tang» (slutten), «Desemberlys», «Tang» (frå byrjinga) og «Funny» før dei serverte «Lady nynner blues» som Vold dediserte til Sidsel Paaske. Diktet finn ein på Ingentings bjeller, men Andersen hadde bytt ut «Sing Me Softly of The Blues» med ein mektig versjon av Ornette Colemans «Lonely Woman».
Vold og Andersen jobba saman mellom anna på Briskeby blues (1969). Så skildest karrierevegane, men i 2010 samarbeidde dei to med Bill Frisell på Kongsberg jazzfestival. Frå dette samarbeidet henta dei fram Volds gjendikting av Wallace Stevens «Tretten måter å se svarttrosten på» (naturlegvis med tonefølgje av Ray Hendersons «Bye Blackbird») og «Seks ladede landskap».
Humoren krydrar ofte bodskapen til Vold, gjerne kombinert med varierande dosar ironi, men sjeldan ligg det så tjukt utanpå som i «Blues for Therese Johaug» med mykjeseiande tonefølgje av Ellingtons «It Don't Mean Thing». Ironien var som blåst vekk i Abel Meeropols «Strange Fruit» og Gunvor Hofmos «Det er ingen hverdag mer», men etter ein medley på tolv korte dikt var duoen attende til utgangspunktet med «Tale for loffen».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.