Frå katedral til konsertsal

Bach skreiv Juleoratoriet som gudstenestemusikk. Kva går tapt når ein tek verket ut or kyrkja?

Wiener Musikverein frå 1870 er eit musikalsk tempel.
Wiener Musikverein frå 1870 er eit musikalsk tempel.
Publisert


Du kjenner han kan hende gjennom nyttårskonserten, som kvart år blir kringkasta til nærare hundre land og sett live av femti millionar menneske: «Den gylne salen» i Wiener Musikverein (Wien musikklag), som ikkje berre gleder øyro med varm akustikk, men òg er ein fryd for augo.

Bygningen frå 1870 er eit uttrykk for kunstreligionen som vaks fram mot slutten av 1800-talet, då borgarskapen dyrka sine musikalske geni som gudar og reiste klassiske tempel for dei: Hovudinngangen er krona med ein relieffsmykka tempelgavl, i foajeen står komponistbyster som heilage gudebilete og i konsertsalen blir balkongen halden oppe av rekkjer med karyatider – søyler i kvinneform av typen som pryder Erekhtheion-tempelet på Akropolis i Athen. Ein kyrkjeleg konnotasjon gjev orgelet over podiet, det òg med greske karyatider.

Konsertmusikk

Men eg skulle altså ikkje på nyttårskonserten i Wien, men på julekonserten med Johann Sebastian Bachs (1685–1750) Juleoratoriet, BWV 248, framført av L’Orfeo Barockorchester og koret Chorus sine nomine.

Sjølve ideen skurrar litt: Kyrkjemusikk tiltenkt ein liturgisk, evangelisk-luthersk samanheng framført i ein verdsleg sal i det katolske Wien? Vel, Bach urframførte verket i Leipzigs Thomas- og Nikolaikyrkje i jula og på nyåret 1734–35, men det er alt 150 år sidan det fridde seg frå gudstenesta og byrja eit nytt liv som rein konsertmusikk. Det er ei naturleg utvikling. Men kva går tapt på vegen?

Manglande bit

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement