Frå flukt til leit
Det finst eit slektskap mellom dei nye platene til Weyes Blood og Drugdealer.
Weyes Blood er artistnamnet til Natalie Mering.
Foto: Kathryn Vetter Miller
Rock
Då Natalie Mering skulle velje seg eit artistnamn, enda ho opp med tittelen til eit litterært storverk, nemleg sørstatsforfattaren Flannery O’Connors (1925–1964) første roman, Wise Blood (1952), om Hazel Motes, ein veteran som etter teneste i andre verdskrigen kjem tilbake til eit intenst religiøst Tennessee, berre for å finne vegen til sin eigen resolutte antireligiøsitet.
Eksistensiell grunntone
Mering, som voks opp i ein familie av atterfødd-kristne, mista sjølv trua, og kalla seg Weyes Bhlud då ho første gong steig opp på ein scene i ein alder av 16 år. Livssynsendringa førte med seg fridom og eit nytt tomrom, noko som utgjer eit av fleire tema på Titanic Rising, det framifrå nye albumet frå artisten som no kallar seg Weyes Blood.
I «Andromeda» rettar ho blikket mot himmelen og ser etter «something I may never find». Grunntonen på Titanic Rising er eksistensiell, men det musikalske uttrykket er forankra i ein vakker, velarrangert popmusikk med historiske røter både i den store songboka (Hoagy Carmichael vert ofte nemnd som ei inspirasjonskjelde), 1970-tals pop og 1980-talets eksperimentelle synthbruk, med pianoballaderi og flotte strykarar som kjernen. Her og der er Rufus Wainwright ein ganske openberr referanse, sjølv om dette likevel er noko heilt anna, når alt kjem til alt.
I ei scene i O’Connors Wise Blood vert Motes så forarga av eit skilt som varslar dommedag for alskens syndarar, at han stoppar bilen midt i vegen og vert sitjande og stire på det. Då ein hissig sjåfør bankar på ruta, seier Motes at han «ikkje har noko å flykte frå, fordi han heller ikkje trur på noko». Natalie Mering er ferdig med å flykte, men ikkje med å leite. «Give me something I can see», syng ho i «Something to Believe»: «something bigger and louder than the voices in me.» Titanic Rising høyrer til mellom årets sterkaste utgivingar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.