Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Frå «Fandens polsdans» til «Vår fader og Gud»

Samspelet mellom fele og trøorgel er velbalansert både i danseslåttar og stillferdige melodiar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I Særsvip spelar Britt Elise Skram (t.v.) fele og John Inge Leira Bjøringsøy trøorgel. Anna Liv Skjelten Gjendem dansar.

Foto: Marianne Grønsberg

2015
20190208
2015
20190208

Folkemusikk

Særsvip:

Særsvip

Jensa

Dette er ei uvanleg plate fordi dei medverkande er ein trio der Britt Elise Skram spelar fele, John Inge Leira Bjøringsøy spelar trøorgel og Anna Liv Skjelten Gjendem dansar. Sistnemnde er ikkje høyrbar, og dette er heller ingen VHS eller DVD, men ei god gamaldags kompaktplate.

Finstemt

Det er gamalt nytt at store deler av folkemusikken er dansemusikk, og det er nyare nytt å laga sceniske framsyningar der musikarar og dansarar samarbeider. Men det fine med denne produksjonen er at musikken står seg godt på eigne bein, utan at lydarane kan sjå dansen som ein gong har vore der – og som atter kan bli der.

Men plata inneheld ikkje berre dansemusikk, som springarar og valsar, men òg salmetonar, bånsullar og kjøkemeisterviser. Og alt dette er framført på finstemt vis: Felespelet er mjukt og kontrollert, men utan å verta stivt. Og trøorgelspelet fungerer godt anten det er tilpassa dansetakten eller dei meir stillferdige melodiane.

Truverdig framført

Ei anna underleg side ved denne plata er at tekstane som er knytte til nokre av melodiane, er trykte i tekstheftet sjølv om dei ikkje vert sungne. Plata er såleis eit fint døme på at dansemusikk kan vera fin utan at dansinga er merkbar, og songane kan vera fine utan tekst. Eit mykje brukt kjenneteikn på «folkemusikk» er at han er knytt til andre funksjonar enn dei reint estetiske (slik ein har for vane å tenka om «kunstmusikken»). Slik sett er dette eit fint døme på korleis dei tradisjonelle melodiane – det me, litt enkelt, kallar folketonar – kan fungera både i samband med dans, i religiøse ritual og som sovemedisin, berre han vert truverdig framført. Og det vert han på denne plata, som er fri for virtuose og poserande innslag. Spelet er fjellstøtt, men ikkje brautande.

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikk-
meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis