Frå eit hotellrom i Las Vegas
Cory Hansons andre soloplate er eit kunstnarleg gjennombrot.
Cory Hanson i ørkenlandskapet der han spelte inn albumet.
Foto: Asal Shahindoust
Det første eg vel bør skrive om den nye plata til Cory Hanson, Pale Horse Rider, er at ho inneheld det som er årets låt for min del så langt, «Another Story From The Center Of The Earth». Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har late dei knapt åtte minutta med musikk fylle rommet her, eg vert aldri lei av songen.
Om det er ein vokalist Hanson minner om i desse strofene, er det vel Thom Yorke (Radiohead), også i den gåtefulle, biletsterke teksten. Det får bygge seg godt opp og brette seg godt ut, før balladen eksploderer i elektriske gitarsolar som kan gi assosiasjonar til Neil Young og Crazy Horse i ei særleg inspirert stund. Det er berre å takke Hanson for at han gir dette så utrendy, men akk så kjære elementet som er ein romsleg gitarsolo godt med plass, for tidstypisk er det ikkje. Eit stort, gapande brøl får ruve over akkordane, før songen legg seg ned for å døy, idet eit siste dinosaursukk munnar ut i det stillferdige, suggestive avslutningssporet «Pigs».
Velspelt
Nokre lesarar vil kjenne Cory Hanson frå Los Angeles-bandet Wand, som vart omfamna av multiinstrumentalistguru Ty Segall då dei platedebuterte i 2014, og har halde på jamt og trutt i åra som har følgt. Parallelt med dette spelar Hanson ut andre sider ved seg sjølv i solokarrieren, som med Pale Horse Rider vert viktig på ein heilt ny måte. Eg spår albumet kjem til å hamne på mange årsbestelister i Americana-kategorien i 2021, og garantert på mi.
Pale Horse Rider vart spelt inn seint på hausten i 2019, og storparten av musikken har Hanson med seg berre to musikarar på, Tyler Nuffer (gitarar, bass) og Evan Backer (ei heil rekkje instrument). Plata er uhyre velspelt og balansert i uttrykket, og eg er ikkje den første til å påpeike at Hanson vel aldri har sunge betre, verken med Wand eller på førre soloalbum, fine The Unborn Capitalist From Limbo (2016).
Lydlandskap
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.