Forseinka helsing frå L.A.

Isobel Campbell måtte kjempe for å få ut den nye plata si.

Isobel Campbell har flytta frå Glasgow til Los Angeles.
Isobel Campbell har flytta frå Glasgow til Los Angeles.
Publisert

Folk på motorvegen, folk på kjøpesenteret – dei liknar maur på marsj, utan tid å miste.

Det meiner i alle fall Isobel Campbell, i «Ant Life», på det nye albumet There Is No Other. Og så, held ho fram, i siste strofe, frå eine augneblunken til neste, er vi borte: «Remember fun?»

Konflikt

Det er ei stund sidan vi sist høyrde nytt solomateriale frå Campbell. Ho var ikkje meir enn 19 då ho dukka opp i Belle & Sebastian. Rett før tusenårsskiftet tok ho så sin eigen veg og laga to plater under namnet The Gentle Waves, etterfølgt av to soloplater under eige namn, men det har gått 14 år sidan den siste av dei kom ut. Fleire lesarar vil kjenne til samarbeidet med Mark Lanegan på tre album som kom ut i perioden 2006–2010.

Sidan den gong har Campbell flytta frå Glasgow til Los Angeles, gifta seg og arbeidd med dette nye albumet, som frustrerande nok har vorte ståande på vent på grunn av rettslege konfliktar med eit plateselskap, noko som førte henne inn i ei djup krise. Det eldste materialet på dette albumet vart til for ei god stund sidan.

Inspirasjon

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement