Forførariske Mollestad
Ekhidna er eit spanande gjenhøyr med tingingsverket.
Hedvig Mollestad har spelt inn tingingsverket frå fjorårets Vossa Jazz.
Foto: Gitte Johannessen / NTB scanpix
Hedvig Mollestad fekk mykje og velfortent ros etter urframføringa av tingingsverket på Vossa Jazz i 2019. Bandet hadde så avgjort fått musikken under huda. Framføringa framstod som «plateklar». Mollestad har likevel valt å ta musikken og musikarane med i studio i vinter. Erlend Slettevold har teke plassen til Jon Balke, elles er bandet det same som på Vossa Jazz.
Blå tråd
Dei seks låtane er ganske laust sambundne. Kontrasten mellom lyriske balladar og riffbaserte rockelåtar går som ein blå tråd gjennom plata. Det er eigentleg villeiande å kalla låtane «A Stone’s Trow», «Antilone» og «Ekhidna» for riffbaserte. Låtane blir innleidd med gitarriff av beste Moldestad-merke, men desse låtane er små verk i miniatyr der ein masse spanande musikalsk kommunikasjon går føre seg flytande mellom det arrangerte og det improviserte.
Overraskande grep
Mollestad gjorde eit over-
raskande grep ved å utelata bassen i instrumentariet, men det gjev god meining både når ein lyttar til Lofthus’ overveldande trommespel, der interaksjonen mellom basstromme og golvtam er ein vesentleg dimensjon, og ved at dei to pianistane får ekstra boltreplass. Silva har også ei nøkkelrolle ikkje berre som klangleg kontrast, men også som særs inspirert improvisator.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.