Før papparocken

Wilco leverer årets nyutgåve.

Wilcos signatur er å smelle til i startgropa.
Wilcos signatur er å smelle til i startgropa.
Publisert

Var det med Being There, andreplata Wilco kom ut med hausten 1996, at Jeff Tweedy (då 29 år, no 50) viste at bandet var i stand til å lage rockens beste opningslåtar?

Skranglete «Misunderstood» høyrer framleis ut som sjølve lydleggjeringa av ei kjensle av framandgjering: I løpet av seks og eit halvt minutt går det frå å ulme til å eksplodere – i ein song som tjue år seinare står seg særs godt i ein kvalitetstung katalog. Det sprakar i kvar tone.

Å smelle til i startgropa vart bandets signatur, også på plater som Yankee Hotel Foxtrot (2001) og A Ghost is Born (2004), som vert innleia med songar som det er vanskeleg å førestelle seg platene utan. «I Am Trying To Break Your Heart» og «At Least That’s What You Said» innevarsla komplekse, utprøvande rockealbum der Tweedy og co. skrudde om på det meste, utan å miste rockehjartet, etter at dei hadde vist seg som overkvalifiserte poprocksnikkarar med Summer Teeth (1999).

Rikt låtunivers

Rikhaldige Being There vitnar tydeleg nok om kva som var i gjære. Å lage eit dobbeltalbum utan verkeleg svake punkt var ein kraftprestasjon, og det opna opp det vide og breie americanalandskapet Wilco har boltra seg i sidan. Fem album har komme etter A Ghost is Born, alle gode, sjølv om perioden frå midten av 1990-talet til midten av 2000-talet står i ei særstilling i Wilco-samanheng. Ertelystne lyttarar har henta fram omgrepet «dad rock», for dei no smått aldrande – men knapt sedate – mannfolka i Wilco har gjort seg til standardleverandør av kvalitetsmusikk til ein foreldregenerasjon som for tjue år sidan var ungdomsgenerasjon.

Haustens deluxeutgåve av Being There demonstrerer til fulle både kor produktiv Tweedy var på midten av nittitalet, og kor høgt nivået var på alternative versjonar og materialet som vart liggande. Det dreier seg om eit rikt låtunivers som stadig er i rørsle, også no. Somme vil kjenne igjen «Capitol City», som hamna mellom stolane i 1996, men fekk nytt liv på The Whole Love (2011).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement