JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Folkemusikkpoesi

Ein skyttel full av song representerer noko nytt innan folkemusikkformidling.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2591
20200508
2591
20200508

Folkemusikk

Spring du fela

Ein skyttel full av song

Mari Skeie Ljones, fele; Camilla Granlien, song; Olav Christer Rossebø, gitar/mandolin; Jo Fougner Skaansar, bass.
Ta:lik

Folkemusikkpoesi – kva er det? Det første ein tenker på, er tekstane til den vokale folkemusikken, som rommar eit vidt litterært mangfald, frå barneregler, arbeidssong, stev og eldre/nyare viser (inkludert mellomalderballadane) til religiøse tekstar henta frå klassiske salmebøker, så vel som songskatten til lekmannsrørsla.

Men her er det snakk om noko anna: Gruppa Spring du fela, under leiing av felespelar Ljones, har gjeve nolevande lyrikarar i oppdrag å skriva tekstar som er inspirerte av folkemusikk, på ulike vis, og resultatet kallar dei folkemusikkpoesi. Forfattarane er Sigrid Sørumsgård Botheim, Anna Kleiva, Ruth Lillegraven, Torbjørn Ljones, Hilde Myklebust og Gaute M. Sortland. Desse lyrikarane har skrive tekstar som er baserte på historiske og/eller mytologiske forteljingar knytte til folkemusikkrelaterte personar som til dømes Sjugurd Garmo og Gjendine Slålien.

Ljones og Granlien har tonesett dikta, medan arrangementa er utarbeidde av musikarane i fellesskap. Stilistisk har dette eit slektskap med tradisjonell folkemusikk som kan merkast gjennom ornamenteringa og klangen i songstemma og felespelet. Elles er det vel så mykje som minner om den akustiske lyden frå 70-talets visebølgje, samt den svenskinspirerte samspelstradisjonen som dominerer mykje av dagens folkemusikk.

Men denne produksjonen er mykje meir enn ei CD-plate. Sjølve plata ligg i ei lomme bak permen på ei vakkert utstyrt bok (vel 90 sider) designa av Anna Prestsæter. Boka rommar informasjonen ein vanlegvis finn i eit fyldig plateomslag, i tillegg til Ingvild Skei Ljones’ fotografi av musikarar og forfattarar, og boka er ytterligare estetisert med heilsides svarte eller blå sider mellom delane.

Nett dette representerer noko nytt innan dei nyare formene for folkemusikkformidling. Så langt er det helst dokumentasjonsprosjekt (gjerne basert på arkivmateriale) som har vore utgjevne som kombinasjon av bok og plate. Her er det snakk om nylaga tekstar, musikk, fotografi og design som utgjer ein heilskap. Slik sett kan dette seiast å vera ein kombinasjon av ideala til to svært så ulike romantiske komponistar – Richard Wagners «Gesamtkunstwerk» og Catharinus Ellings mål med folkemusikkarbeidet: «for det er kunst vi vil have».

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast
musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis