Folkeleg og finurleg Fløgstad
Gabriel Fliflet tek Fløgstad på kornet.
Musikarane Jorun Marie Kvernberg (t.v.), Gabriel Fliflet og Berit Opheim utgjer Trio Alde.
Pressefoto
Vise/folkemusikk
Trio alde:
Himlaleite
Gabriel Fliflet, akkordion, piano, trøorgel og vokal; Jorun Marie Kvernberg, fiolin og vokal; Berit Opheim, vokal.
Etnisk musikklubb EM 127
I romanane til Kjartan Fløgstad finn ein med ujamne mellomrom dikt som byr seg fram til komponistar. Tonesetjingane har det etter kvart vorte mange av, og i 2018 kom ei samling av desse, Sandharpesongar. Gabriel Fliflet var sjølvsagt representert der.
Fliflet har tonesett Fløgstad både på Valseria (2013) og Sevje (2017). På Himlaleite er det berre Fløgstad som gjeld. Her presenterer han saman med Kvernberg og Opheim ni songar i tillegg til to instrumentalar.
Fløgstad bevegar seg elegant frå det eine stilnivået til det andre, og allusjonane kjem tett. Fliflet er på mange måtar ein musikalsk parallell til Fløgstad. Han kan i eine augneblinken uttrykkja seg sart og sårt for i neste å svinga seg opp med kraft og patos. Han låner fritt og elegant frå norsk, britisk og balkansk folkemusikk og er det næraste ein kjem ein moderne valsekonge.
Dette er musikarar som kjenner kvarandre og trivst i selskap med kvarandre. Alt frå første tone sprudlar det. «Dalen Portland» er ein oppstemt låt med forfriskande pianokomp, og alle tre bidreg vokalt. Så kjem eit knippe lågmælte viser i balladetempo. I «Off Piste», med pilegrimsvegen til Røldal stavkyrkje som motiv, får Opheim utfalda seg som kvedar. Kvernbergs intro til «Fjetra» er ein av fleire magiske augneblinkar. Med «Krona av tre» og «Stå med glans» aukar tempoet, og humoren er attende. Plata vert runda av med dei to poetiske høgdepunkta «Brennenesle» og «Himlaleite» med Opheim i fokus. Ho er ein tekstformidlar av ypparste klasse.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Ein endrar ikkje naturen med talemåtar
Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.
Foto: Kari Anette Austvik / NTB
Frå bridgeverda: Svidd utgang
Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.
Foto: Lina Hindrum
Fadesar og fasadar
Roboten blir til mens vi ror.
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.