Folke- eller kammermusikk?
To trioar vidarefører folkemusikken på ulike vis.
Ragnhild Furebotten då ho tok imot Spellemannprisen i 2011. Helene Bøksle til venstre.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix
Folkemusikk
Atter
ljomen:
Tonar i tre
Ta:lik
Folkemusikk
Ragnhild Furebotten:
Klopper
Ta:lik
Norsk folkemusikk har vore dominert av solistisk spel, men i aukande grad ser me at særleg yngre profesjonelle musikarar dyrkar ulike former for samspel, og ofte har medspelarane bakgrunn frå jazz, pop eller rock.
Desse to trioane nyttar berre akustiske instrument, og alle utøvarar har solid bakgrunn frå tradisjonsmusikk, samstundes som dei har røynsle frå andre musikkformer. Noko anna som er felles, er at spelet har mykje til felles med klassisk kammermusikk, der det er lagt stor vekt på dynamikk og finstemte detaljar. Dette er med andre ord konsertmusikk så god som nokon.
Musikarane i Atterljomen er gudbrandsdølane Astrid Sulheim, Aslak Brimi og Bjørn Kåre Odde. Alle spelar fele, men Odde spelar dessutan bratsj – noko som tilfører det tradisjonelle spelet eit nytt element, men utan at det vert opplevt som eit brot.
Medan Atterljomen for det meste spelar eldre leikar (i nye arrangement), har felespelaren Ragnhild Furebotten med eitt unnatak (ein pols frå Drevja) komponert all musikken sjølv. Saman med Emilia Amper på nøkkelharpe og Frode Haltli på trekkspel har ho laga arrangementa. Felespelet minner ofte om den nordnorske folkemusikken, som er utgangspunktet til Furebotten, men det smeltar fint saman med Ampers svenskpåverka nøkkelharpespel og Haltlis bakgrunn som samtidsmusikar og improvisator.
Medan mange stilblandingsprosjekt ikkje fungerer optimalt fordi deltakarane ofte har manglande forståing for dei ulike elementa som skal blandast, verkar begge desse trioane overtydande fordi dei framfører stiltrekk frå tradisjonsmusikken med stor autoritet, samstundes som dei jobbar like grundig med nyansane som eit førsteklasses klassisk ensemble.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.