Fødd i sporet
Rhiannon Giddens har laga ein og ein halv time memoarradio.
Rhiannon Giddens då ho spelte på Boston Pops Fireworks Spectacular i juli 2018.
Foto: Michael Dwyer / Ap 7 NTB
Du har kanskje høyrt uttrykket å vere «fødd på feil side av spora»? Etymologien er usikker, men signaliserer opphavleg eit sosialt skilje i eit bysamfunn markert med ei jernbanelinje.
Idiomet har festa seg i den amerikanske musikktradisjonen, der det signaliserer det utgangspunktet du er gitt når du kjem til verda, det vere seg sosialt, økonomisk, etnisk eller alle desse tre. Det kan markere eit utanforskap som paradoksalt nok vert identitetsskapande, som i Dylans «Key West» (2020), for å nemne eitt av sikkert ein million døme.
I to kulturar
Rhiannon Giddens tek tak i uttrykket tidleg i To Balance on Bridges, eit fint, nytt radioprogram der ho fortel om livet som menneske og artist. «Eg vart fødd i sporet», seier ho der og peikar på alle dualitetane som har gitt form til livsforteljinga hennar, knytt til kategoriar som klasse, etnisitet og geografi, for å nemne noko.
Biografien som gradvis kjem fram i programmet, forklarer godt kva ho meiner med dette. Giddens vart fødd i 1977, med kvit far og svart mor, begge frå Greensboro i North Carolina. Dei hadde gifta seg tre år etter at høgsteretten gjorde ekteskapet deira lovleg i alle delstatar i USA.
Foreldra gjekk etter kvart frå kvarandre, og dermed voks søstrene Rhiannon og Lalenja opp i to ulike familiekulturar om kvarandre djupt i dei amerikanske sørstatane, og dermed også i to ulike verder som eksisterte side om side. Ofte var det besteforeldre som tok seg av jentene, men same kvar dei var i oppvekståra, var musikken der.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.