Fleinvær og Hole i samspel
Holes solobassprosjekt er ein kunstnarleg tour de force.
Sigurd Hole spelte inn plata i Fleinvær.
Foto: I.J. Biermann
Me som har fått tenåra noko på avstand, minnest den sitrande gleda ved å spela ei ny vinylplate med eit forseggjort omslag på fanget. Den doble gleda ved å utforska så vel musikk som omslag sit djupt i. Med Lys / Mørke har Sigurd Hole trigga desse ungdomsminna, sjølv om eg har lytta til ein CD. Eg kan ikkje minnast sist eg kom over ei utgjeving som er så gjennomarbeidd på alle plan.
Heftet har innsiktsfulle tekstar av både Hole og David Rothenberg, tre dikt av den japanske buddhistmunken Eihei Dogen og fantastiske foto frå innspelingsstaden Fleinvær. Alt saman er formgjeve på vakraste vis av Jonas Sjøvaag. Heldigvis gjer musikken eit like sterkt inntrykk som omslaget.
Lydteknikar Audun Strype gjer etter mitt syn alltid bra arbeid, men her har han hatt ei spesiell utfordring i mikrofonoppsettet. Hole hadde ein idé om at musikken som blei skapt, skulle vera eit «samspel» mellom kontrabassens mangfaldige register og dei skiftande naturlege lydane på Fleinvær, både bølgjer, vind og regn. Å miksa dette saman til ein heilskap som fungerer, har sikkert vore krevjande.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.