Musikk

Fire! med rockefot

Impulsane frå 70-talet er transformerte til universell musikalsk urkraft.

Publisert

Mats Gustafsson er overalt. (Berre vår eigen Paal Nilssen-Love kan vera i nærleiken i tal på konsertar og innspelingar.) Trass i det heseblesande tempoet og dei tallause ensemblekonstellasjonane Gustafsson tek del i, greier han å melda noko viktig kvar gong.

Fire! og storbandutgåva Fire! Orchestra synest å ha høg prioritet hjå Gustafsson, og båe banda turnerer flittig det komande halvåret. Trioen har eksistert i ni år med same besetning, men har ikkje ein spesielt rikhaldig diskografi å visa til. I 2016 kom She Sleeps, She Sleeps, også denne på Rune grammofon. Med god grunn var kritikarane overbegeistra. The Hands er ei vidareføring av uttrykket frå forgjengaren, men utviklinga er tydeleg nok. Uttrykket er meir rocka.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement