Fiolinist og vinhandlar
Carbonelli var tradisjonalist med sans for balanserte og naturlege harmoniar.
Utsnitt av koparstikket «The enraged musician» (1741) av satirikaren William Hogarth, som var Giovanni Stefano Carbonellis samtidige i London.
CD
Giovanni Stefano Carbonelli, Antonio Vivaldi:
Sonate da Camera,
Nos 7–12
The Illyria Consort; fiolin
og leiing: Bojan Cicic
Delphian 2019
Ved overgangen til 1700-talet skjer det noko merkeleg i den britiske musikksoga. I renessansen på 1500-talet hadde dei fleire framifrå komponistar, som William Byrd, Thomas Tallis og den melankolske luttkomponisten John Dowland. Med høgbarokken på 1600-talet trer særleg Henry Purcell fram som ein komponist av internasjonal rang. Men så, på 1700-talet, verkar det som om England går tom for verkeleg store kompositoriske talent.
Tilstrøyminga av musikarar frå kontinentet gjorde likevel at musikklivet i London blømde. Millionbyen var Europas største, og det var pengar å tena gjennom framveksten av det borgarlege musikklivet – åtte ein entreprenørevner, kunne ein leva fett av undervising, publisering av notar og tilskiping av offentlege konsertar.
Tolv sonatar
Lista over musikalske «arbeidsinnvandrarar» er lang. På toppen tronar saksaren Georg Friedrich Händel og temmeleg langt nede fiolinisten Giovanni Stefano Carbonelli (1694–1773). Ved sida av å etablera ein vinhandel som eksisterte i London til godt inn på 1900-talet, var han òg ein produktiv komponist.
Likevel er berre éi av Carbonellis verksamlingar overlevert, nemleg tolv fiolinsonatar, som The Illyria Consort no har spelt inn på plate for fyrste gong. Ensembleleiar er den utmerkte kroatiske barokkfiolinisten Bojan Cicic, som er professor ved Royal College of Music i London.
Virtuoseri
Ein utmerkt fiolinist må òg Carbonelli ha vore, for Händel tilsette han som orkesterleiar i London, og i Venezia komponerte Antonio Vivaldi ein virtuos fiolinkonsert spesielt for han. Denne Concerto detto il Carbonelli i B-dur (1716) er det Cicics opnar albumet sitt med. Særleg i sistesatsen «Allegro» får solisten brynt seg, for fiolinstemma går ekstremt høgt. Men, som så ofte hjå Vivaldi, er det ikkje virtuoseri for virtuoseriets skuld – dei veldige akkordbrytingane og skalaløpa har ikkje noko «påklistra» ved seg, men verkar funderte i den kompositoriske grunnsubstansen.
Kva så med Carbonellis fiolinsonatar? Dei er vakre, særleg dei snøgge dansesatsane, og har balanserte og naturlege harmoniar. Nyskapande kan dei ikkje ha vore den gongen, støtt som dei står i den «akademiske» tradisjonen etter romaren Arcangelo Corelli, som publiserte sine skuledanane fiolinsonatar op. 5 i år 1700. Og kvaliteten på Cicics tolking? Fiolinspelet er velartikulert, med perfekt intonasjon, og ornamenta han forsyner dei langsame «largo»- og «andante»-satsane med, syner at Corelli-stilen er noko han har under huda.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.