Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Finurleg runddansmusikk

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gamlebanken spelemannslag har bakgrunn frå kulturskulen i Førde.

Pressefoto

2272
20190816
2272
20190816

Folkemusikk

Gamlebanken spelemanns-
lag:

Gamlebanken spelemannslag

Synnøve S. Bjørset, Ingrid S. Stuhaug, Oda Bolstad, Ingrid Heieren, Leif Erik Stuhaug, Åse T. Bell, Mathilde Skjæret: hardingfeler. Kjartan H. Foss: gitar. Geir Marius Thorud: kontrabass. Ta:lik

Hardingfeleorkester akkompagnert av gitar og kontrabass, som spelar vals, reinlender og polka, er eit velkjent fenomen for dei fleste som har eit minstemål av kunnskap om norsk tradisjonsmusikk. Ofte går denne musikken under namnet «gamaldans», men det er eit noko misvisande omgrep, då desse danseformene var eit motefenomen under siste halvdel av 1800-talet, og dermed yngre enn eldre danse- og musikkformer som til dømes springar og gangar.

Runddansmusikken (som ifylgje fagterminologien er eit meir presist omgrep) er ofte kjenneteikna av klårt definerte delar, som gjerne vert repeterte og passar inn i føreseielege akkordskjema der ein ofte kan klara seg med tre–fire av dei velkjende og enkle gitargrepa. Det som særmerkjer slåtteutvalet til Gamlebanken spelemannslag, er at dei medvite har valt ut melodiar som skil seg frå den meir konforme – og, ifylgje meir elitistisk orienterte folkemusikarar, keisame – runddansmusikken. Dei har leitt etter slåttar «ingen andre» brukar, særleg etter kjeldene Johanna Eldegard frå Årdal og Anders Kjerland frå Granvin. Og dessutan har leiaren for laget, Synnøve S. Bjørset frå Jølster, komponert tre slåttar som er inspirerte av denne musikken. Det er slåttar som tilsynelatande høyrest ut som tradisjonell runddansmusikk, men som inneheld overraskande detaljar som ekstra takter som bryt med forventa fire- eller åttetaktsperiodar, og gjerne inneheld rytmiske finessar.

Medlemene i laget har bakgrunn frå kulturskulen i Førde og starta samspelet for å tevla i klassa for lagspel på kappleikar, men her er det tydeleg at musikarane har ein felles intensjon om at dette skal vera funksjonell dansemusikk. Det er òg interessant at dei ikkje har falle for freistinga til å laga meir «kunstferdige» arrangement av musikken, i motsetnad til mange av dei andre yngre folkemusikarane som har bakgrunn frå utdanningsinstitusjonar og profesjonalisering.

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis