Musikk

Fin hylling av Einar Iversen

Tine Asmundsen gjev med denne plata mykje attende til læremeisteren sin.

Publisert

Prestesonen Einar Iversen (87) var fødd i Mandal, men voks opp i Oslo og var heilt frå 1952 profesjonell musikar og ein krumtapp i jazzlivet i hovudstaden. Han platedebuterte i bandet til Rowland Greenberg i 1953 og var huspianist på gamle Metropol. Her fekk han spela med mange kjende amerikanske jazzsolistar, som Dexter Gordon, Coleman Hawkins og Johnny Griffin. Plate i eige namn spelte han først inn i 1967. På 1990- og 2000-talet kom det fleire, og som gjestemusikar har han bak seg meir enn dusinet fullt. Einar «Pastor’n» Iversen er så visst ei hyllingsplate verd.

Elleve Iversen-komposisjonar har medlemmer i bandet arrangert. Arrangementa inneheld mange fine detaljar, men alle dei fire arrangørane har eit lojalt fokus på melodien. Musikken høyrer stilistisk heime i den romslege sekken mainstream, og det går stort sett i medium- og balladetempo. Ein kan slå fast at Iversen i tillegg til å vera ein fin solist på instrumentet sitt, også var ein særs habil komponist.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement