Fin fiolinsoul

Sjølvlærd fiolinist serverer storfelt musikk på Athena.

Publisert

Den sjølvlærte fiolinist-vokalist-produsenten Brittney Denise Parks, som lagar musikk under namnet Sudan Archives og er oppvaksen i Ohio, hentar inspirasjon frå nordaustafrikansk felemusikk, R&B og eksperimentell elektronisk musikk. Resultatet er ein heilt unik sound.

Hennar EP frå fjoråret, Sink, blei laga med loopstation, trommemaskiner, fiolin, ei handfull handtrommer og generelt spartansk med utstyr, og låta «Nont For Sale» var eit drusteleg døme på kor storslege minimalistisk musikken til Sudan Archives kan vere. Sink var den andre EP-en hennar, og på debutalbumet Athena har ho samarbeidd med eit vell av produsentar – mellom andre Wilma Archer (Nilufer Yanya) og Paul White (Danny Brown, Charli XCX) – og etter ein introduksjon som består av strengplukking og ein enkel vokalmelodi, viser det seg raskt at lydbiletet har blitt langt meir omfattande enn tidligare.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement