¿ Filosofen som komponist

I Weimar blir eit rikt utval av Nietzsches handskrivne notar synte fram offentleg for fyrste gong.

Den tyske filosofen Friedrich Nietzsche (1844–1900), her som konfirmant i 1861, i tida då han dreiv systematiske klaver- og komposisjonsøvingar.
Den tyske filosofen Friedrich Nietzsche (1844–1900), her som konfirmant i 1861, i tida då han dreiv systematiske klaver- og komposisjonsøvingar.
Publisert

Lytt til artikkelen:

«Utan musikken ville livet vore eit mistak», skreiv Friedrich Nietzsche året før han gleid inn i galskapen. Det er kjent at filosofen hadde ein lyrisk nerve. Han skreiv dikt, og den patosfylte stilen i dei filosofiske skriftene er poetisk, særleg i hovudverket Slik talte Zarathustra (1883–1885). Musikken, spesielt Wagners, spelar ei viktig rolle i tenkinga hans alt frå det fyrste storverket, Tragediens fødsel ut av musikkens ånd (1872), til det siste skriftet han sjølv gav ut, Tilfellet Wagner (1888).

Mindre kjent er det at Nietzsche òg var ein habil pianist og komponist av meir enn 70 instrumental- og vokalstykke. Dette freistar Goethe- und Schiller-Archiv i Weimar å bøta på i sommar. Utstillinga Nietzsche komponiert (Nietzsche komponerer), som er open fram til slutten av august, syner for fyrste gong fram eit rikt utval av notehandskriftene hans offentleg. Dei som ikkje kjem seg til Weimar, denne vesle, men viktige kulturbyen midt i Tyskland der filosofen døydde i 1900, kan likevel oppleva utstillinga – i digital form. For på museumsnettsida klassisk-stiftung.de er både notar, musikkrelaterte brev og musikkopptak gjorde tilgjengelege.

Bråmogen

Prestesonen Nietzsche, som kom til verda i bygda Röcken to mil sørvest for Leipzig i 1844, studerte aldri musikk. Han fekk litt klaverundervisning, men komposisjon var noko han lærte seg på eiga hand. Notar kunne den bråmogne guten alt skriva når «vanlege» ungar lærer seg bokstavar. Eit tidleg døme er eit ark frå 1851 der seksåringen sjølv har trekt notelinene, for så å notera ned to små melodiar. Stolt har han signert det heile med initialane «F.N.» i tillegg til ei teikning av noko som liknar mest på ein romrakett – det skal vel vera eit tårn i ei mellomalderborg, noko der finst flust av langs elvedalen ved Röcken.

Småstykka går i tredelt valsetakt. Måten Nietzsche har skrive dei på, gjev assosiasjonar til W.A. Mozarts fyrste kompositoriske freistnader, for dei gjer begge den same tekniske feilen: Dei greier ikkje å halda seg til tredelt taktart, men vekslar stundom til firdelt takt. Uttrykksviljen var altså sterkare enn formsansen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement