Film
«Den fordømde hornisten!»
Simon Cellan Jones’ Eroica er den beste Beethoven-filmen.
Ein spelefilm om ein symfoni, der heile det timelange stykket blir framført, og der handlinga går føre seg på éin dag i eitt rom – kan det fungera? I regissøren Simon Cellan Jones’ Eroica. The day that changed music forever frå 2003 gjer det det, noko som har fleire grunnar.
For det fyrste er det musikken sjølv, Beethovens skilsetjande Symfoni nr. 3 i Ess-dur, op. 55. For det andre er det filmplottet, som skildrar urframføringa utan å ty til overdrivingar. Og for det tredje er det musikkframføringa, der det kostymerte Orchestre Révolutionnaire et Romantique framfører musikken slik skikken var kring 1800. Dette inneber mellom anna at orkesteret ikkje blir leia av ein dirigent, men at konsertmeisteren (fyrstefiolinisten) kommuniserer med orkesteret med fiolinbogen medan han spelar.
Bonapartes fall
Beethovens tredje symfoni kallar me «Eroica», «Den heroiske». Men opphavleg heitte han «Bonaparte» og var dedisert til Napoleon, som komponisten håpa ville frigjera austerrikarane frå adelsåket. Ovundringa gjekk brått over i 1804 då Napoleon krona seg sjølv til keisar. «Så er då heller ikkje han noko anna enn eit vanleg menneske!» utbraut komponisten då han fekk høyra det, og raderte ut namnet «Bonaparte» på tittelsida til symfonipartituret – så hardt at papiret gav etter. Den nye tittelen blei «Heroisk symfoni for å feira minnet om ein stor mann».
Urframføringa som blir skildra i filmen, gjekk føre seg sommaren 1804. Då møtte eit eksklusivt utval austerrikske aristokratar opp i musikksalen i fyrst Lobkowitz’ barokke bypalass i Wien. (Er du i Wien, kan du vitja salen, som i dag er del av Austerrikes teatermuseum). Somme av dei såg geniet i Beethoven – verket skulle koma til å markera byrjinga på det ein kallar den store romantiske symfonitradisjonen. Men andre frammøtte irriterte seg, for «Eroica» baud på akkordar så dissonerande at dei må ha låte som byggjeplasslarm. Dessutan var han uhorveleg lang til symfoni å vera. (Ei jamføring: For oss som er vande med spelefilmar på kring to timar, ville «Eroica» tilsvara ein seks timar lang film.)
Gyseleg falskt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.