Femstemmig jul

Musikalsk og språkleg mangfald pregar Calmus Ensembles juleplate.

Detalj med Josef og Maria frå målarstykket «Folketeljinga i Betlehem» (1566) av Pieter Brueghel den eldre (1525–1569).
Detalj med Josef og Maria frå målarstykket «Folketeljinga i Betlehem» (1566) av Pieter Brueghel den eldre (1525–1569).
Publisert

Lytt til artikkelen:

Éi kvinne og fire menn utgjer Calmus Ensemble, ei ungdommeleg vokalgruppe frå Leipzig, der dei mannlege songarane har bakgrunn frå Thomanarkoret, det åtte hundre år gamle gutekoret i Thomaskyrkja som Johann Sebastian Bach i si tid var leiar for. Thomanarkoret er sett saman av gutar frå Thomasskulen, ein internatskule som – på Bachs tid som no – gjev dei handplukka elevane ei uvanleg grundig musikalsk utdanning frå tidleg barndom av.

Dei fleste elevane vel seinare å satsa på musikken, og konsertane med tidlegare thomaskoristar eg har opplevd, hugsar eg godt: Ikkje berre er desse svært dyktige songsolistar og korsongarar (kombinasjonen er ikkje sjølvsagd). Dei kan òg komponera, arrangera, spela forskjellige instrument og slik forma varierte konsertprogram heilt på eiga hand.

Den finaste

Ei sikker musisering innan ulike musikkstilar pregar dette julealbumet. Språkleg er mangfaldet òg stort, med songtekstar på tysk, engelsk, fransk, svensk, dansk, ukrainsk og latin. Opningssporet «Maria durch ein Dornwald ging» («Maria gjekk i torneskog») er ein pilegrimssong med røter attende til 1600-talet som høver fint til advent. Det moderne, lett arkaiserande arrangementet står ensemblemedlemen Ludwig Böhme (baryton) bak. Framføringa har roleg driv over seg, og sidan det mest ikkje blir nytta vibrato, er klangen mest som på orgel.

Den finaste julesongen på plata, «Es ist ein Ros entsprungen», kjenner me i jærbuen Peter Hognestads omsetjing som «Det hev ei rose sprunge». Musikalsk føretrekkjer eg den originale renessanseversjonen, men det harmonisk sterkt krydra arrangementet på plata er heller ikkje så verst. Mindre vellukka er det skjemtefulle arrangementet av «The twelve days of Christmas» (det òg av ensemblemedlemen Böhme). Som ekstranummer på konsert høver det sikkert, men midt i programmet læt det rotete og fjollete.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement