Musikk
Fellesskapsfunk
Halvvegs storslege soul- og funkalbum.
Det amerikanske bandet The Internet er del av kollektivet Odd Future Wolf Gang Kill Them All, som òg inkluderer artistar som Frank Ocean og Tyler the Creator, og Hive Mind er det fjerde albumet deira.
Både bandnamnet The Internet og platetittelen Hive mind er knytt til idear om fellesskap og samhandling, og på denne plata har dei fem medlemmene kome saman på nytt etter å ha gitt ut plater med sine respektive soloprosjekt. Det mellommenneskelege ser ut til å stå høgt på agendaen, og tematikken i tekstane spenner frå private – til dømes i kjærleiksballaden «Come Over» – til samfunnsmessige relasjonar, som i «Come Together», som truleg tek utgangspunkt i håpet om at dei ekstreme politiske tilstandane som verda for tida ser ut til å vere utsett for, skal føre til ein fellesskapsorientert motreaksjon.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.