¿ Felekoryfeen

I hendene på Enrico Gatti spelar det inga rolle om Assisi-sonatane er «ekte».

Klassikar: Den italienske komponisten Arcangelo Corelli (1653–1713).
Klassikar: Den italienske komponisten Arcangelo Corelli (1653–1713).
Publisert

Lytt til artikkelen:

Arcangelo Corelli kviler mellom dei største. I Pantheon i Roma ligg han side om side med kunstfyrstar, som Rafael, og verdslege fyrstar, som kongane Viktor Emmanuel II og Umberto I av Italia. Så var då òg Corelli ein fyrste på musikken område: Som fiolinvirtuos la han meir enn nokon annan grunnlaget for den moderne fiolinteknikken på 1700- og 1800-talet, og som komponist blei han imitert gjennom heile barokken. Dette trass i at han berre publiserte seks opus, som berre er instrumentalmusikk.

Det han vantar i kvantitet, tok han att i kvalitet; me må nok til Beethoven i romantikken for å finna ein like sjølvkritisk og perfeksjonistisk komponist. Han blei ein klassikar medan han levde, for dei 72 einskildstykka gjekk straks inn i den kunstmusikalske kanonen som mønstergyldige – korkje Händels Concerti grossi eller Bachs «Brandenburgkonsertar» er tenkjelege utan Corellis førebilete.

Merkenamnet

Den italienske barokkfiolinisten Enrico Gatti står bak nokre av dei lekraste innspelingane av Corellis solo- og triosonatar. Det interessante albumet The ‘Assisi’ Sonatas frå 2014 tek utgangspunkt i at Corelli må ha komponert langt meir enn det som slapp gjennom sjølvsensuren og hamna på prent. Dette vitnar Corellis brev og andre samtidige skriftstykke om, som namngjev komposisjonar me ikkje kjenner til i dag. Det er overlevert mange handskrivne notar med namnet hans på, men desse var ofte forsynte med «merkenamnet» Corelli for å auka marknadsverdien (på same måte som signaturen til kjende målarkunstnarar gjerne blei forfalska).

Kompetent fylgjar?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement