Feilslått
Gaspare Torellis canzonetta-samling fortener ei betre innspeling.
Gaspare Torelli budde i den norditalienske byen Padova. Utsnitt frå måleriet «Il Pra della Valle in Padova» frå 1740-talet av Canaletto (1697–1768).
Italienaren Gaspare Torelli (1572 til kring 1613) må ikkje forvekslast med landsmannen Giuseppe Torelli, som er kjend for å ha utvikla fiolinkonserten som komposisjonsform kring 1700. Den fyrstnemnde, Gaspare Torelli, utvikla derimot ikkje noka komposisjonsform og er i grunnen ikkje kjend for noko (eller nokon) som helst.
Dette skal ikkje han lastast for – alle komponistar kan ikkje vera like banebrytande og kjende. I røynda var mange ukjende tonekunstnarar som stod trygt innanfor sin stilistiske tradisjon, ganske dugande; dei hadde jo høve til å byggja på og perfeksjonera det eksisterande. Og det Gaspare Torelli bygde på, var den italienske canzonetta-tradisjonen, slik han stod fram i overgangen mellom renessansen og barokken.
Prisverdig
Denne fleirstemmige, kompositorisk litt upretensiøse visetypen er det me høyrer i samlinga Amorose Faville. Il quarto libro delle canzonette a tre voci, som er sett saman av 22 trestemte songar. Berre eitt eksemplar av notane, som kom ut i Venezia i 1608, er bevart (i Kassel i Tyskland).
Det er prisverdig av det italienske vokalensemblet Armoniosoincanto å lyfta fram slike ukjende klangar. Me får slik eit interessant innblikk i den «vanlege» musikkpraksisen i Nord-Italia kring 1600, noko som set «uvanlege» komponistar som den samtidige Claudio Monteverdi i perspektiv. Albumet kan likevel ikkje tilrådast: Det er ikkje verka, men framføringa som ikkje held mål.
Veneto-dialekt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.