Feilslått
Gaspare Torellis canzonetta-samling fortener ei betre innspeling.
Gaspare Torelli budde i den norditalienske byen Padova. Utsnitt frå måleriet «Il Pra della Valle in Padova» frå 1740-talet av Canaletto (1697–1768).
CD
Gaspare Torelli:
Amorose Faville
Armoniosoincanto; dir.: Franco Radicchia. Brilliant Classics 2021.
Italienaren Gaspare Torelli (1572 til kring 1613) må ikkje forvekslast med landsmannen Giuseppe Torelli, som er kjend for å ha utvikla fiolinkonserten som komposisjonsform kring 1700. Den fyrstnemnde, Gaspare Torelli, utvikla derimot ikkje noka komposisjonsform og er i grunnen ikkje kjend for noko (eller nokon) som helst.
Dette skal ikkje han lastast for – alle komponistar kan ikkje vera like banebrytande og kjende. I røynda var mange ukjende tonekunstnarar som stod trygt innanfor sin stilistiske tradisjon, ganske dugande; dei hadde jo høve til å byggja på og perfeksjonera det eksisterande. Og det Gaspare Torelli bygde på, var den italienske canzonetta-tradisjonen, slik han stod fram i overgangen mellom renessansen og barokken.
Prisverdig
Denne fleirstemmige, kompositorisk litt upretensiøse visetypen er det me høyrer i samlinga Amorose Faville. Il quarto libro delle canzonette a tre voci, som er sett saman av 22 trestemte songar. Berre eitt eksemplar av notane, som kom ut i Venezia i 1608, er bevart (i Kassel i Tyskland).
Det er prisverdig av det italienske vokalensemblet Armoniosoincanto å lyfta fram slike ukjende klangar. Me får slik eit interessant innblikk i den «vanlege» musikkpraksisen i Nord-Italia kring 1600, noko som set «uvanlege» komponistar som den samtidige Claudio Monteverdi i perspektiv. Albumet kan likevel ikkje tilrådast: Det er ikkje verka, men framføringa som ikkje held mål.
Veneto-dialekt
Gaspare Torelli blei fødd i småbyen Sansepolcro i Toscana, men levde mesteparten av livet i storbyen Padova i Veneto. Han var ikkje berre komponist og poet, men òg forfattar av lærebøker i italiensk grammatikk. At han interesserte seg for italienske dialektar, merkar me på songtekstane, som stundom er på brei Veneto-dialekt (du treng ikkje å kunna mykje italiensk for å høyra kor karakteristisk det kling). Stykka er strofisk komponerte, det vil seia at alle strofene i diktet har same melodi. Desse melodiane er livfulle og imiterer stundom det som blir sagt i teksten – til dømes der det er tale om elva Tiberen og dei tre melodiane bylgjer mot kvarande med lange, trinnvise noterekkjer. Slike «triks» er enkle, men effektfulle.
Men så var det altså framføringa. Ho er på det beste keisam, på det verste smertefull for alle med nokolunde gehør. Songane er altså strofiske, med gjentekne melodiar. Dette inneber i seg sjølv ein latent monotoni, noko gode barokksongarar bøter på ved å pynta repetisjonane med små variasjonar. Songarane i Armoniosoincanto syng derimot fantasilaust rett frå notane. Klangleg bommar dei òg på stilen, mellom anna ved å bruka snøgg vibrato på dei lange tonane. Men verst av alt: Mange stader syng dei skjerande surt. Høyrer dei ikkje dette sjølv?
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.
Foto: Erika Hebbert
Sterkt om livsløgn og overleving
Gode skodespelarprestasjonar i intens kamp på liv og død.
Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.
Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB
Ny statsminister med gjeld, utan budsjett
No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.
Foto: Thomas Fure / NTB
– No ser me effekten av færre politifolk
Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).
Den oppdaterte boka om rettens ironi er ei samling av tekstar frå Rune Slagstad gjennom førti år.
Foto: André Johansen / Pax Forlag
Jussen som styringsverktøy
Rettens ironi, no i fjerde og utvida utgåve, har for lengst blitt ein klassikar i norsk idé- og rettshistorie.
Finn Olstad har doktorgrad i historie og er tidlegare professor ved Seksjon for kultur og samfunn ved Noregs idrettshøgskule.
Foto: Edvard Thorup
Det nye klassesamfunnet
Finn Olstads nye bok er eit lettlese innspel til ei sårt tiltrengd innsikt i skilnaden mellom fakta og ideologi.