Fasinerande råskap
Reolô er ein krutsterk musikalsk gryterett
Dette er tradisjonsmusikk som du aldri har høyrt det før, i alle fall ikkje på plate. Musikken her var eit tingingsverk til Jørn Hilme-stemnet og i samband med utgjevinga har bandet hatt konsertar. Likevel er dette som å høyra dei på konsert. Det er ein fandenivaldsk friskleik i musikken som bergtek. Musikk frå Vest-Afrika blandar seg med norsk folkemusikk, rock i ulike støypingar og jazzens fingerspitzengefühl i samspelet.
Den raude tråden er ulike tablå om huldra Reolô og møtet hennar med ein ukjend felespelar. Her blir det stormfulle kjærleiksmøtet og det såre saknet omsunge. Røine syng med stort truverd. Det er likevel den instrumentale musikken som gjer denne plata heilt uimotståeleg. Temaa er fengande, og groovane dei skapar, er både komplekse og hypnotiske. Evna til å utvikla og byggja groovane er eit særmerke. Her må ein nemna «Sarkaihallingen» spesielt. Når ein ventar at låten sakte vil gå mot ein slutt, tek det for alvor av. Trommer og munnharpe får det til å svinga på eit vis som berre Terje Isungset gjer dei etter.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.