Farkost i solgangsbris

Hullyboo er lågmælte, men har verkeleg noko på hjartet.

Publisert

Primus motor Marius Klovning har hatt det travelt med Skadedyr, Bogue Chitto og soloplate, så ein oppfølgjar til Hullyboo-debuten Bønner og flesk (2012) har late venta på seg. Den store endringa er at bandet har gått frå å vera trio til å bli kvintett. Debutplata hadde gjestemusikarar, men då var musikken skriven for besetninga gitar, bass og trommer. No er all musikk komponert for kvintett, og det er blåsarane som heile tid formulerer temaa. Det er med andre ord ein grunnleggjande transformasjon bandet har gått gjennom.

Komplekst

Musikken til Hullyboo anno 2019 er meir kompleks både rytmisk og harmonisk. Opningssporet «Varkala», ført i pennen av Myhre, byrjar med eit stakkato 4/4-komp på gitaren som innleiingsvis fungerer som underlag for eit melodiøst tema på trompet og saks, men etter kvart utviklar rytmeseksjonen eit ganske komplekst bakteppe for ein kollektiv improvisasjonssekvens av blåsarane langt unna utgangspunktet. Klovning nyttar seg dels av dei same kompositoriske grepa i «Periferi».

Ujålete

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement