Fantasistimulerande platekusk
Den kjende hiphopprodusenten Lawrence Muggerud mekrar med sin kjende ljod.
DJ Muggs er kjend som platekusk i Cypress Hill, men han har òg mykje anna på diskografien. Mellom anna står han bak 90-talshitar som Ice Cubes «Check Yo Self» og House of Pains «Jump Around», og i 2016 samarbeidde han med zef-rap-orkesteret Die Antwoord under namnet The Black Goat.
Det eigentlege namnet hans er Lawrence Muggerud, etter Muggerud i Sauherad. Han er, skal ein tru internett, adoptivbarn av ein norskætta familie i New York, og den nye soloplata hans, Dies Occidendum, er gitt ut under namnet DJ Muggs the Black Goat.
Dramatisk
Medan beaten i «Jump Around», i likskap med Cypress Hill-hiten «Insane In The Brain», ifølgje DJ Muggs sjølv ikkje inneheld hestelydar (trass i at det sanneleg høyrest slik ut), får vi her utan tvil høyre mekring. Om det er tale om geit, slik ein skulle tru, sau eller liknande, veit eg ikkje sikkert, men blant dei andre lydkjeldene det finst spor etter bak, framom og mellom den trillande hi-hat-programmeringa og dei hardtslåande trommene som driv desse dramatiske og hypnotiske instrumentalsongane framover, finst obskure skrekkfilmar, grashopper, flammar, kyrkjemusikk og psykedelisk rock.
Dunkelt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.