Fantasioppfriskande tolkingar
Kaada utforskar klassiske pianostykke på preparert piano.
I solopianoalbumdebuten har John Erik Kaada omarrangert og improvisert over gamle klassiske pianostykke.
Foto: Observatoriet
Klassisk
Kaada:
Misinterpretations
Mirakel
Multiinstrumentalisten Kaada, som har samarbeidd med Faith No More-vokalisten Mike Patton og er kjend frå den ihuga alternativrocktrioen Cloroform, er ute med eit nytt soloalbum. På Misinterpretations utforskar han pianomusikk av komponistar som Grieg, Satie og Debussy på eit klaver preparert med heftemasse.
Heftemasse
Bruken av festekitt på strengane gir ein stor rikdom av uventa, men velklingande effektar og klangfargar til lydbiletet og får klaveret til å låte som noko anna enn berre eit piano: ei uutgrundeleg lirekasse frå ei framand verd, eit gateorkester frå eit alternativt Fortids-Paris, skribling i ei mystisk dagbok. Musikken minner til dels om The Caretakers hakkete og skakke utforsking av hugs og nostalgi, men Kaadas fornying av det gamle manar fram indre bilete av meir oppløftande og frisk karakter.
Misinterpretations syner at ei god feiltolking kan gi ny meining til slitne klisjear, og heftemassen er interessant både som tilfellegenerator, kreativitetsstimulator og metafor for menneskesinnets forunderlege evne til, på godt og vondt, å sjå samanhengar der dei både finst og ikkje finst.
Nye tolkingar
Til dømes blir pianomusikk av Debussy òg presentert i nye tolkingar på lydsporet til Untitled Goose Game, eit spel om ei rampete gås, medan Kaada held ei gås på eit plateomslag frå 2002 og ei Cloroform-låt frå 1998 heiter The OK Goose. Tilfeldig? Høgst sannsynleg, men den ferske vinylutgåva av Untitled Goose Game-lydsporet har doble spor, slik at vilkårlege versjonar av musikken blir spelte av på måfå avhengig av kvar nålespissen landar.
Uansett, å høyre på Kaadas pianoplate vert tilrådd. Det er ikkje som å skvette vatn på gåsa.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar, kunstnar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?