Etter pausen

Det er mange som har lurt på om The Black Keys skulle kome tilbake.

Bilete frå den offisielle musikkvideoen til låten «Go» med The Black Keys.
Bilete frå den offisielle musikkvideoen til låten «Go» med The Black Keys.
Publisert

Let’s Rock, det første albumet på fem år frå The Black Keys, er ei skikkeleg konfektøskje av ei utgiving for alle rockeinteresserte: eit dusin kontante, treffsikre låtar, verken meir eller mindre, for meir treng vi knapt frå Dan Auerbach og Patrick Carney.

Det er vel fleire enn meg som har lurt på om denne duoen i det heile kom tilbake. Eit omfattande intervju i juliutgåva av musikkmagasinet Uncut stadfestar at også Auerbach og Carney sjølve har lurt på det. Dei stod sist på scenen saman sommaren 2015, i San Francisco, byen alle store band kjem til for å leggje opp, ifølgje Carney, som i samtalen med Jaan Uhelszki like godt ramsar dei opp: The Sex Pistols, The Band, The Beatles...

Nyvunnen speleglede

No var det ikkje ei forbanning som kvilte over The Black Keys likevel, for Let’s Rock sprakar av nyvunnen speleglede, av musikalsk kameratskap og kjemi. Songane er rett fram, utan at det nokon gong stivnar i monotonien, til det er variasjonen for stor i uttrykket, og kvar song har sin eigen, uslipte glans. At Auerbach og Carney har vore leie av bandet, kvarandre og artistlivet, kjem klart nok fram i samtalane med Uhelszki. Slik måtte det kanskje verte, for dei to meiner tydelegvis at overskotet i desse nye songane hadde vore umogleg utan ein pause – ein pause frå The Black Keys, vel og merke, for begge har vore aktive med andre prosjekt, som musikarar og produsentar.

Auerbach framstår i dag som ein ettertrakta og markant produsent, med selskapet og studioet Easy Eye Sound som eit sentralt innslag i Nashville, og som i vinter til dømes gav ut Yola-albumet Walk Through Fire. I fjor var han med på å lage John Prines album The Tree of Forgiveness. Auerbach er ein ressurs for nye talent så vel som veteranar, og for kvart samarbeidsprosjekt tek han med seg noko tilbake til sitt eige arbeid.

Eigen intensitet

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement