Etter loppemarknaden

Damien Jurado meiner alvor når han strippar ned musikken.

Damien Jurado har produsert den nyaste plata si sjølv.
Damien Jurado har produsert den nyaste plata si sjølv.
Publisert

«Time to clean the slate», syng Damien Jurado på «When You Were Few», på det fine, nye albumet What’s New, Tomboy?.

Artisten fortel om bakgrunnen for songen i ei pressemelding frå plateselskapet. «When You Were Few» vart til i ein periode for noko sidan der artisten kvitta seg med det meste av sine materielle eigedelar. «Det var som om eg hadde døydd, sjølv om eg endå var i live», fortel Jurado.

Å strippe ned og kvitte seg med det som ikkje var naudsynt, slik vart også strategien då dei nye songane skulle verte plate. What’s New, Tomboy? er ei fokusert utgiving, stram, knapp og poengtert, utan omvegar eller distraherande ornamentikk.

Enkelt uttrykk

Då eg skreiv om Brothers and Sisters of the Eternal Son, plata Jurado gav ut for seks år sidan, på desse sidene, peika eg på ei opning i uttrykket, med ein større detaljrikdom i lydbiletet enn det ein ofte har høyrt frå den kanten, og med meir utflytande, ekspansive komposisjonar. I åra då han etablerte seg som artist, framstod Jurado nemleg som ein låtskrivar som var sterk nok til å utsmykke songane sine med berre det som var høgst naudsynt, i eit enkelt, akustisk uttrykk, som på smått asketiske Ghost of David (2000).

Brothers and Sisters of the Eternal Son var produsert av Richard Swift, eit samarbeid som heldt fram med Visions of Us on the Land (2016), som saman med Maraqopa (2012) utgjorde ein slags trilogi, konseptuelt og estetisk. Swift gjorde Jurado groovy, ja, nesten dansbar, og meir orientert mot det mystiske og tilmed det allegoriske. Det dreidde seg om ei anna type forteljing i ei anna drakt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement