Etter loppemarknaden
Damien Jurado meiner alvor når han strippar ned musikken.
Damien Jurado har produsert den nyaste plata si sjølv.
Foto: Cary Norton
Rock
Damien
Jurado:
What’s New, Tomboy?
Loose
«Time to clean the slate», syng Damien Jurado på «When You Were Few», på det fine, nye albumet What’s New, Tomboy?.
Artisten fortel om bakgrunnen for songen i ei pressemelding frå plateselskapet. «When You Were Few» vart til i ein periode for noko sidan der artisten kvitta seg med det meste av sine materielle eigedelar. «Det var som om eg hadde døydd, sjølv om eg endå var i live», fortel Jurado.
Å strippe ned og kvitte seg med det som ikkje var naudsynt, slik vart også strategien då dei nye songane skulle verte plate. What’s New, Tomboy? er ei fokusert utgiving, stram, knapp og poengtert, utan omvegar eller distraherande ornamentikk.
Enkelt uttrykk
Då eg skreiv om Brothers and Sisters of the Eternal Son, plata Jurado gav ut for seks år sidan, på desse sidene, peika eg på ei opning i uttrykket, med ein større detaljrikdom i lydbiletet enn det ein ofte har høyrt frå den kanten, og med meir utflytande, ekspansive komposisjonar. I åra då han etablerte seg som artist, framstod Jurado nemleg som ein låtskrivar som var sterk nok til å utsmykke songane sine med berre det som var høgst naudsynt, i eit enkelt, akustisk uttrykk, som på smått asketiske Ghost of David (2000).
Brothers and Sisters of the Eternal Son var produsert av Richard Swift, eit samarbeid som heldt fram med Visions of Us on the Land (2016), som saman med Maraqopa (2012) utgjorde ein slags trilogi, konseptuelt og estetisk. Swift gjorde Jurado groovy, ja, nesten dansbar, og meir orientert mot det mystiske og tilmed det allegoriske. Det dreidde seg om ei anna type forteljing i ei anna drakt.
Rastlaus
Men Damien Jurado har vist seg å vere ein rastlaus artist, stadig på veg til ei ny utgåve av seg sjølv, og då The Horizon Just Laughed (2018) kom ut, var det mangeårige samarbeidet med Swift over. Jurado stod sjølv som produsent, og utgivinga framstod på mange måtar som ei tilbakevending til trubaduren Jurado, med ein strammare produksjon.
Dette sporet held altså fram med What’s New, Tomboy?, som etter mitt syn er ei framifrå plate, og både meir direkte og solid enn trilogien på 2010-talet. Songane er små, knappe, men likevel rike og tankevekkjande.
«When You Were Few» vart skriven før pandemien var over oss alle, men tilfellet ville ha det til at eg same dag som eg las om Jurados hustømming, også las ein kommentar i The Guardian. No lèt ikkje kvardagen oss sleppe unna med distraksjonar, skreiv Suzanne Moore der. Kvardagen har vorte den «atomiserte eksistensielle krisa». Treng vi alle desse tinga, spurde Moore. Jurado har alt funne sitt eige svar, han gav bort fem av gitarane sine til ein loppemarknad.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mina Hadjian saman med Rune.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Von for verstingar
Dokumentaren til Kari Anne Moe er ei kjærleikserklæring til Mina Hadjian og fengselsfuglar.
Rapartist og skodespelar Benedicte Izabell Ekeland imponerer i monologen om Cassandra.
Foto: Stig Håvard Dirdal / Rogaland Teater
Ordflaum om meininga med livet
Måten rapartist Benedicte Izabell Ekeland framfører ein lang monolog på ei naken teaterscene på, er imponerande. Men kva snakkar ho om i nesten ein time?
L’arpa festante blei grunnlagt i München i 1983.
Foto: Günter Ludwig
Frankofil elan
L’arpa festante spelar best der det går fort.