Etter flaumen

Med What The Flood Leaves Behind har Amy Helm laga sitt beste album så langt.

Amy Helm spelar fleire instrument og bringar tradisjonen frå far sin vidare.
Amy Helm spelar fleire instrument og bringar tradisjonen frå far sin vidare.
Publisert

Amy Helm har lenge vore ein artist å følgje med på, og på What The Flood Leaves Behind syng ho betre enn nokosinne. Somme lesarar vil nok kjenne til henne frå før, frå platene Didn’t It Rain (2015) eller This Too Shall Light (2018), eller frå bandprosjektet Ollabelle, eller frå vokalarbeid for artistar som Donald Fagen og Joan Osborne. Og nokre vil vite at ho er dottera til Levon Helm (1940–2012), som sat bak trommene og song i The Band.

Multiinstrumentalist

Den nye plata er spelt inn i studioet far hennar bygde i Woodstock, i ein gammal låve, der han og husbandet inviterte til konsertar dei siste åra han levde. Amy Helm spela ei viktig rolle i desse Midnight Ramble-kveldane, og ho heldt fram med å arrangere dei etter at faren gjekk bort. I oktober i år kjem det ei (pandemiforsinka) spesialutgåve, då Helm og bandet skal feire det som ville ha vore Levon Helms 80-årsdag på låven.

Amy Helm har dermed vakse opp og inn i musikken, noko som medverkar til at ho er noko av ein multiinstrumentalist (gitar, mandolin, piano, trommer), med øyre for kva for rolle desse instrumenta kan spele i ein song.

Høyr berre på «Carry it Alone», med si finstemde musisering, eit av fleire høgdepunkt på What The Flood Leaves Behind, eller på blåsarane på «Calling Home» og «Breathing». Musikken plasserer seg elegant og treffsikkert i eit americanaterreng der folk, blues, soul og ikkje minst gospel kjem saman, med litt ulik tyngd frå song til song.

Lange liner

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement