JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Etter flaumen

Med What The Flood Leaves Behind har Amy Helm laga sitt beste album så langt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Amy Helm spelar fleire instrument og bringar tradisjonen frå far sin vidare.

Foto: Ebru Yildiz

2841
20210702
2841
20210702

Americana

Amy Helm:

What The Flood Leaves Behind

BMG

Amy Helm har lenge vore ein artist å følgje med på, og på What The Flood Leaves Behind syng ho betre enn nokosinne. Somme lesarar vil nok kjenne til henne frå før, frå platene Didn’t It Rain (2015) eller This Too Shall Light (2018), eller frå bandprosjektet Ollabelle, eller frå vokalarbeid for artistar som Donald Fagen og Joan Osborne. Og nokre vil vite at ho er dottera til Levon Helm (1940–2012), som sat bak trommene og song i The Band. 

Multiinstrumentalist

Den nye plata er spelt inn i studioet far hennar bygde i Woodstock, i ein gammal låve, der han og husbandet inviterte til konsertar dei siste åra han levde. Amy Helm spela ei viktig rolle i desse Midnight Ramble-kveldane, og ho heldt fram med å arrangere dei etter at faren gjekk bort. I oktober i år kjem det ei (pandemiforsinka) spesialutgåve, då Helm og bandet skal feire det som ville ha vore Levon Helms 80-årsdag på låven.

Amy Helm har dermed vakse opp og inn i musikken, noko som medverkar til at ho er noko av ein multiinstrumentalist (gitar, mandolin, piano, trommer), med øyre for kva for rolle desse instrumenta kan spele i ein song.

Høyr berre på «Carry it Alone», med si finstemde musisering, eit av fleire høgdepunkt på What The Flood Leaves Behind, eller på blåsarane på «Calling Home» og «Breathing». Musikken plasserer seg elegant og treffsikkert i eit americanaterreng der folk, blues, soul og ikkje minst gospel kjem saman, med litt ulik tyngd frå song til song.

Lange liner

Helm trekkjer sjølv liner bakover, til slektsbakgrunn frå Arkansas, og det er ikkje fritt for at eg vert gripen av «Cotton and the Cain», med sine tydelege biografiske referansar, og sitt heilt nydelege, lyriske orgelspel, som garantert vil få fleire enn meg til å tenkje på nett The Bands Garth Hudson. Helm har framført songen på konsert nokre gonger opp gjennom åra. No var det på høg tid å få han ut på plate. 

Versjonen av «Are We Running Out of Love» (Daniel Norgren) høyrest med ein gong ut som ein radiohit, du vert gåande og nynne på songen etter at plata er ferdigspelt. Andre songar treng litt meir tid, men sit desto tyngre etterpå.

Albumet hentar tittelen frå det knallsterke opningssporet «Verse 23», der det heiter: «What the flood leaves behind is what we’ve got to make.» M.C. Taylor (Hiss Golden Messenger) skreiv songen for Helm og baserte teksten på ein av dei mest kjende salmane tilskrivne David, den med den fryktlause vandringa gjennom dødsskuggens dal. Med «Verse 23» er vi i eit anna landskap, men det er ikkje skuggefritt, det heller. Ein må byggje med det ein har, og det kan verte sterkt nok – slik er bodskapen frå Taylor og Helm.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gravfølgjet for Mohammad Mahdi Ammar og Abbas Fadel Yassin, båe drepne av eksploderande personsøkjarar i Beirut. Ammar er son til ein framståande medlem av Hizbollah-rørsla.

Foto: Mohamed Azakir / Reuters / NTB

KommentarSidene 2-3

Krig med personsøkjarar i folkerettsleg gråsone

Kvelden før personsøkjaråtaket endra Israels krigskabinett målsetjingane med krigen i nord. Ei eskalering låg derfor i kjømda.

Cecilie Hellestveit

Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.

Foto: Erika Hebbert

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Sterkt om livsløgn og overleving

Gode skodespelar­prestasjonar i intens kamp på liv og død.

Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.

Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ny statsminister med gjeld, utan budsjett

No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– No ser me effekten av færre politifolk

Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).

Då nordmennene kom til Færøyane, eller Fårøyane, rundt 800 var «hagane fulle av sau, som irane hadde ale upp, bergi tekte med fugl, nøgdi med rekved til husbyggjing, fisk og kval utanfor døri og vetrar so milde at sau og hest levde ute», skreiv landsfaderen Jóannes Patursson i boka Frå Færøyane i 1925.  I dag er det om lag 70.000 sauer som går fritt ikring, også rundt Tórshavn.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Nytt frå vestfronten

Ute i Atlanterhavet ligg Færøyane som ein front mot lågtrykk, vestavêr og liberale haldningar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis