Er du forelska?

Basia Bulat er tilbake.

Publisert

Det er like greitt å gå rett på sak og stille dei store spørsmåla frå første stund, er det ikkje?

Slik er i alle fall taktikken på Basia Bulats nye album, Are You in Love?, som dundrar i gang med eit tittelspor som er akkurat så svimlande og rett fram som det bør vere.

Er du forelska? Spørsmålet er ikkje til å kimse av, anten ein stiller det til nokon andre eller til seg sjølv. Det er ikkje for ingenting at kjærleik er popsongens største tema, for lidenskap og tvil er pålitelege kjelder til indre og ytre dramatikk, og då svulmar det fort i både ord og tonar.

Herleg energi

Som eg var inne på i omtalar på desse sidene då dei kom ut, er dei to førre platene frå Bulat, Tall Tall Shadow (2013) og Good Advice (2016), begge fulle av songar om konfliktfull kjærleik, ofte kjærleik av slaget ein til slutt tenkjer at ein kunne klart seg forutan. Men fleire av desse låtane smittar også med ein herleg energi – melodiøs poprock av slaget som løftar stemninga. Då Basia Bulat spelte på ein sommarfestival for fire år sidan og henta fram «Tall Tall Shadow», dansa folk framføre scenen, men ho kjende seg likevel kalla til å melde at ho hadde det betre no: «Eg er lukkeleg no», sa ho. «Det er alltid greitt når ein kan seie til seg sjølv at den tida er over.»

Dermed snakka ho rett frå ei livsendring som i same stund vel utfalda seg, for saman med henne på scenen stod multiinstrumentalisten Andrew Woods, og sanneleg gifta ikkje dei to seg i fjor. Are You in Love? er ein medrivande poprapport frå nokon som er hovudstups midt oppi det: Albumet er ikkje ei banal feiring av kjærleikstriumf, men nærmar seg snarare intensiteten som følgjer med det å sleppe taket og satse alt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement