JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Er du for­elska?

Basia Bulat er tilbake.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2707
20200327
2707
20200327

Rock

Basia Bulat:

Are You in Love?

Secret City / Playground

Det er like greitt å gå rett på sak og stille dei store spørsmåla frå første stund, er det ikkje?

Slik er i alle fall taktikken på Basia Bulats nye album, Are You in Love?, som dundrar i gang med eit tittelspor som er akkurat så svimlande og rett fram som det bør vere.

Er du forelska? Spørsmålet er ikkje til å kimse av, anten ein stiller det til nokon andre eller til seg sjølv. Det er ikkje for ingenting at kjærleik er popsongens største tema, for lidenskap og tvil er pålitelege kjelder til indre og ytre dramatikk, og då svulmar det fort i både ord og tonar.

Herleg energi

Som eg var inne på i omtalar på desse sidene då dei kom ut, er dei to førre platene frå Bulat, Tall Tall Shadow (2013) og Good Advice (2016), begge fulle av songar om konfliktfull kjærleik, ofte kjærleik av slaget ein til slutt tenkjer at ein kunne klart seg forutan. Men fleire av desse låtane smittar også med ein herleg energi – melodiøs poprock av slaget som løftar stemninga. Då Basia Bulat spelte på ein sommarfestival for fire år sidan og henta fram «Tall Tall Shadow», dansa folk framføre scenen, men ho kjende seg likevel kalla til å melde at ho hadde det betre no: «Eg er lukkeleg no», sa ho. «Det er alltid greitt når ein kan seie til seg sjølv at den tida er over.»

Dermed snakka ho rett frå ei livsendring som i same stund vel utfalda seg, for saman med henne på scenen stod multiinstrumentalisten Andrew Woods, og sanneleg gifta ikkje dei to seg i fjor. Are You in Love? er ein medrivande poprapport frå nokon som er hovudstups midt oppi det: Albumet er ikkje ei banal feiring av kjærleikstriumf, men nærmar seg snarare intensiteten som følgjer med det å sleppe taket og satse alt.

Flott popvokalist

Det høyrer med til historia at Bulat måtte ta eit års pause frå dette albumet for å finne den rette vegen inn i materialet, og at ho fekk med seg musikarane til eit studio i Mojave-ørkenen for å vere på rett plass for å yte det rettferd – eit landskap som ikkje manglar soloppgangar og solnedgangar av ein art som passar temperamentet på Are You in Love?.

Jim James (My Morning Jacket) er atter med som produsent, som på Good Advice, og dei som likte det albumet, kan trygt prøve seg på Are You In Love?. Bulat er god på popmusikk som går i møte med dei store kjenslene, som i albumets siste og på alle måtar storslegne låt, titulert «Love Is at the End of the World». «You fall apart when you fall into it», syng Bulat der, og går til høgdene med si eiga røyst, akkurat der det trengst – ei påminning om kor flott ein popvokalist ho er.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis