Entusiastiske essay
Bøkene til Peter Guralnick gjer lesaren til lyttar.
Peter Guralnick poserer ved minnestaden over Sam Cooke i Rock and Roll Hall of Fame i Cleveland i Ohio.
Foto: Molly Corfman / AP / NTB
Det er utruleg kva eit tøft blåsearrangement kan gjere for ein sørstatleg soulballade, tenkte eg her for litt sidan, idet «She Don’t Come Here Anymore», sistesporet på Lonnie Macks Glad I’m in the Band (1969), fekk fylle stoverommet.
Eg fekk lyst til å finne fram til alle slike arrangement den eminente Maxwell Davis (1916–1970) laga i løpet av livet, og det var ikkje få. Men korleis kom eg eigentleg på å finne vegen til nokre gamle plater av Mack (1941–2016), som ikkje akkurat fyller overskriftene om dagen?
Svaret er enkelt: Eg vart smitta av entusiasmen til bokaktuelle Peter Guralnick, som har vigd eit av kapitla i Looking To Get Lost: Adventures in Music and Writing til nett Lonnie Mack. Her girar han seg godt opp, tenkte eg i møtet med Guralnicks tekst, kva går det i med desse platene? Derfrå er vegen kort, ikkje minst fordi Guralnick også har delt ei Spotify-liste på nettsida si, peterguralnick.com.
Klassiske bøker
Eg har oppdaga ein del artistar og plater slik, og eg har litt av kvart å takke Guralnick, som fyller 77 år om eit par veker, for. Forfattaren står bak biografiar om Sam Cooke og Sam Philips og ikkje minst tobindsboka om Elvis Presley (som med sine vel 1300 sider har vore eit fleirårig prosjekt for denne lesaren).
Mesteparten av lyttinga Guralnick på sitt vis har inspirert meg til, har likevel særleg kome i kjølvatnet av små portrett i tre klassiske bøker: Feel Like Going Home: Portraits in Blues and Rock ‘N’ Roll (1971), Lost Highway: Journeys and Arrivals of American Musicians (1979) og Sweet Soul Music: Rhythm and Blues and the Southern Dream of Freedom (1986).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.