Engelsk solkonge
Henry Purcell rådde over kunsten å setja tonar til smiger.
Kroningsportrett av Karl II av England (1630–1685).
«Ceremony though it is nothing in itself yet it doth everything – for what is a king, more than a subject, but for ceremony and order. When that fails him, he’s ruined.» Dette skreiv Hertugen av Newcastle i eit memorandum om høvisk framferd til Stuart-kongen Karl II av England, Skottland og Irland, han som innførte monarkiet på nytt i 1660.
Monarkar måtte spela rolla si med overtyding, for undersåttar skulle imponerast og utanlandske sendemenn intimiderast. Musikken spelte her ei viktig rolle, og ein som verkeleg visste å tonesetja smiger, var Henry Purcell (1659–1695). Til disposisjon hadde han «The King’s Twenty-four Violins», eit elitestrykeorkester Karl II hadde skipa etter fransk førebilete, det legendariske «Les Vingt-quatre Violons du Roi».
Velkomstsongar
I kva for samanhengar trongst slik musikk? Ved kroningsseremoniar og konglege bryllaup sjølvsagt, men slike var det ikkje så mange av. Kongens 24 fiolinar – trass i namnet blei her òg spela bratsj og cello, eventuelt kontrabass – hadde til dagleg i oppgåve å smykka gudstenester i det kongelege kapellet med musikk og å spela representative stykke ved verdslege merkedagar.
Sistnemnde verktypar er det barokkorkesteret The Sixteen under leiing av Harry Christophers for tida spelar inn på ei rekkje interessant programmerte CD-ar. Hofftradisjonen tilsa at kongen skulle underhaldast når han vende attende til Palace of Whitehall i London frå det landlege Winsdor Castle etter sommarferien. Mottakinga skulle vera med pomp og prakt, med spesialkomponerte odar, såkalla «Welcome Songs».
Fikse påhitt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.