Engelsk solkonge
Henry Purcell rådde over kunsten å setja tonar til smiger.
Kroningsportrett av Karl II av England (1630–1685).
CD
Henry
Purcell:
Royal Welcome Songs for King
Charles II
The Sixteen; dir.: Harry
Christophers. Coro 2018
«Ceremony though it is nothing in itself yet it doth everything – for what is a king, more than a subject, but for ceremony and order. When that fails him, he’s ruined.» Dette skreiv Hertugen av Newcastle i eit memorandum om høvisk framferd til Stuart-kongen Karl II av England, Skottland og Irland, han som innførte monarkiet på nytt i 1660.
Monarkar måtte spela rolla si med overtyding, for undersåttar skulle imponerast og utanlandske sendemenn intimiderast. Musikken spelte her ei viktig rolle, og ein som verkeleg visste å tonesetja smiger, var Henry Purcell (1659–1695). Til disposisjon hadde han «The King’s Twenty-four Violins», eit elitestrykeorkester Karl II hadde skipa etter fransk førebilete, det legendariske «Les Vingt-quatre Violons du Roi».
Velkomstsongar
I kva for samanhengar trongst slik musikk? Ved kroningsseremoniar og konglege bryllaup sjølvsagt, men slike var det ikkje så mange av. Kongens 24 fiolinar – trass i namnet blei her òg spela bratsj og cello, eventuelt kontrabass – hadde til dagleg i oppgåve å smykka gudstenester i det kongelege kapellet med musikk og å spela representative stykke ved verdslege merkedagar.
Sistnemnde verktypar er det barokkorkesteret The Sixteen under leiing av Harry Christophers for tida spelar inn på ei rekkje interessant programmerte CD-ar. Hofftradisjonen tilsa at kongen skulle underhaldast når han vende attende til Palace of Whitehall i London frå det landlege Winsdor Castle etter sommarferien. Mottakinga skulle vera med pomp og prakt, med spesialkomponerte odar, såkalla «Welcome Songs».
Fikse påhitt
På albumet får me to slike velkomstsongar av Purcell. Welcome, Vicegerent of the mighty King, Z340, frå 1680 var den fyrste freistnaden hans på ein hoffode. Med «mighty King» meinte den i dag ukjende tekstforfattaren Gud, og «Vicegerent» – ikkje «Viceregent», som det står i somme moderne utgåver – synte til kongens funksjon som Guds «varamann» på jorda. Karl II blir framstilt som livgivande sol, ein symbolikk me kjenner frå «solkongen» Ludvig XIV av Frankrike.
Sjølv om tonesetjinga ikkje er særleg utfordrande, har ho nokre raffinerte passasjar. Til dømes den instrumentale opninga, som er i fransk ouvertureform, altså med ei roleg og staseleg innleiing, fylgd av ein snøgg, fugeaktig del. Fikst er det at fugedelen seinare fungerer som akkompagnement når koret kjem inn.
Den andre velkomstsongen er Fly, bold rebellion, Z324, frå 1683. Her er òg solsymbolikk – oden feirar at kongen har kome seg velberga heim til London etter eit forpurra attentat. Her er Purcells tonesetjing meir ambisjonsrik, med større former, rikt utsmykka orkesterpart og solo-, duett- og korsatsar som krev sitt av utøvarane. Men for The Sixteen er framføringa ein leik – i begge odane briljerer songarane med klår diksjon og overtydande stilkjensle, og instrumentalistane med tett samspel.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.