Engasjert og engasjerande
Sleaford Mods manar fram musikalske måleri av dagleglivet i post-brexit-Britannia under covid-19.
Den britiske duoen taler både for og til arbeidarklassen gjennom skaldpoesien sin, framført med Aust-Midlands-aksent og minimalistiske, hardtslåande og hypnotiske postpunkinspirerte musikk. Med den stadig aukande sosiale ulikskapen og politiske ustabiliteten i Storbritannia og verda elles kjennest prosjektet meir naudsynt enn nokosinne.
Det nye albumet Spare Ribs er tufta på eit djupt engasjement, og det er dermed òg engasjerande. Tekstane handsamar eit vell av skarpe observasjonar om paradoksale prosessar inne i menneskesinnet og ute i stor- og lokalsamfunnet. Ofte tar dei utgangspunkt i ein (politisk) figur – til dømes Boris Johnsons tidlegare rådgivar Dominic Cummings i låta Shortcummings – og teiknar bilete av kvardagen som det britiske folket (og mange kringom på kloden) kan kjenne seg att i.
Vi får høyre om det ambivalente velværet til forbrukaren, om den permitterte drukkenbolten som har blitt heilagt overtydd om at det er utlendingane som er skuld i pandemien og den økonomiske krisa, og om artistar som kapitaliserer på hyklersk tileigning av klassekamp.
Tittelsporet «Spare Ribs» handlar om livet til dei magre heimlause og rusavhengige, og plata er på den eine sida svært sørgjeleg, prega av nesten eit år med pandemi blanda med brexit i tillegg til rovdrifta på planeten og populasjonen som det britiske – og globale – samfunnet alt hadde å stri med.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.