Energiutlading og ettertanke

Rune Nergaard har sett saman draumekvartetten sin.

Publisert

Honnør til Rune Nergaard for å ha samla denne kvartetten nokre dagar i eit New York-studio. Gitaristen Nels Cline er kjend for dei fleste frå bandet Wilco, og Jim Black er ein mykje nytta trommeslagar i amerikansk og europeisk avantgardejazz. Cline og Black har samarbeidd i trio med saksofonisten Tim Berne. Nergaard og Alberts har spelt saman i ulike konstellasjonar heilt attende til studiedagane ved konservatoriet i Trondheim.

Det er gjerne slik at Nergaard og Alberts har fått høve til å spela med favorittmusikarane sine, men dette er i aller høgste grad eit likeverdig musikalsk samarbeid. All musikken er komponert av Nergaard, men nokre av låtane er berre skisser som gjev ei retning. Eit par låtar er komposisjonar i meir tradisjonell forstand. I desse Vy- og OsloMet-tider skal dei ha ros for å gje bandet eit dekkjande namn. Her kjem den eine energiutladinga etter den andre enten i tungrockinnpakking eller som del av eit støyuttrykk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement