Energiutlading og ettertanke
Rune Nergaard har sett saman draumekvartetten sin.
Jazz
Exoterm:
Exits Into A Corridor
Kristoffer Berre Alberts, Nels Cline, gitarar, Rune Nergaard, bass og Jim Black, trommer og elektronikk.HUBRO HUBROCD2618
Honnør til Rune Nergaard for å ha samla denne kvartetten nokre dagar i eit New York-studio. Gitaristen Nels Cline er kjend for dei fleste frå bandet Wilco, og Jim Black er ein mykje nytta trommeslagar i amerikansk og europeisk avantgardejazz. Cline og Black har samarbeidd i trio med saksofonisten Tim Berne. Nergaard og Alberts har spelt saman i ulike konstellasjonar heilt attende til studiedagane ved konservatoriet i Trondheim.
Det er gjerne slik at Nergaard og Alberts har fått høve til å spela med favorittmusikarane sine, men dette er i aller høgste grad eit likeverdig musikalsk samarbeid. All musikken er komponert av Nergaard, men nokre av låtane er berre skisser som gjev ei retning. Eit par låtar er komposisjonar i meir tradisjonell forstand. I desse Vy- og OsloMet-tider skal dei ha ros for å gje bandet eit dekkjande namn. Her kjem den eine energiutladinga etter den andre enten i tungrockinnpakking eller som del av eit støyuttrykk.
Musikken kombinerer ei spel-for-livet-tilnærming med meditative strekk, der bandet skapar skiftande, spanande klangflater. Fleire av låtane har dette tosidige preget. Aller best kjem dette fram i avslutningssporet «Manufacturing A Smile». Det Alberts og Cline gjer her, er samspel frå øvste hylle. I «Forest Mist – Night» er det Cline og Black som står for telepatien. I denne låten er Alberts på sitt mest «aylerske». Nergaard er den solid botnplanken heile vegen, og så gjev han oss den einaste sviska på plata: «Moves Away from The Door». Vonleg vil det følgja fleire eksoterme reaksjonar.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Dag Aanderaa
Pyntesjuke og luksuslov
Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.
Miridae, ei bladtege med oval form.
Foto: via Wikimedia Commons
Levande innsikt om døyande insekt
Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Pengegaloppen i ferjetoppen
Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»
Teikning: May Linn Clement