Energi og eleganse
Her blir ein hekta frå første riff.
Hedvig Mollestad Thomassen har hatt med seg dei same musikarane på alle albuma til Hedvig Mollestad trio.
Foto: Gitte Johannessen / NTB scanpix
Det svingar rundt Hedvig Mollestad for tida. Ikkje berre skal ho skriva tingingsverk til Vossa Jazz neste år, men ho er klar med oppfølgjaren til Black Stabat Mater. Smells Funny består av seks låtar som alle er kreditert trioen kollektivt. Besetninga har vore den same sidan dei debuterte for seks album sidan med Shoot i 2011.
Særpreg
Mollestad & co. trør kjent territorium, men det er noko i uttrykket til denne trioen som gjer han lett attkjenneleg. Slik har det vore heilt frå første plate – ei plate eg hadde gleda av å høyra om att som førebuing til denne meldinga. Særpreget er der sjølv om det er vanskeleg å peika på eitt eller nokre få bestemte element som konstituerer dette særpreget.
Mangfald
Riffet er eit fundament i fleirtalet av låtane, men dei mange riffa inngår i ein musikalsk heilskap der variasjonane er mange. Mangfald er faktisk eit overraskande og svært positivt særtrekk ved plata. Klangpaletten er meir rypdalsk enn eg har høyrt frå trioen tidlegare, men det som gjer Smells Funny så medrivande, er det tette samspelet og dei elegante arrangementa. Alle tre fyller rolla si på utsøkt vis, men lytt ein gong ekstra til Ellen Brekken. Ho har teke sjumilssteg sidan debuten for sju år sidan.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.