Endeleg ny plate

Knut Riisnæs kvartett held mainstreamfana høgt.

Knut Riisnæs kvartett fotografert på ein konsert på Herr Nilsen i Oslo.
Knut Riisnæs kvartett fotografert på ein konsert på Herr Nilsen i Oslo.
Publisert

Knut Riisnæs er av dei fremste improvisatorane her på berget innan eit mainstream stiluttrykk. Diverre er diskografien hans altfor tynn, det vil seia han har gjeve ut altfor få plater. Det er no gått tre år sidan Losen-debuten 2nd Thoughts kom ut, men ein må gå 15 år attende før ein finn neste plate, Touching (Resonant Music). The Kernel er såleis særs etterlengta.

Med autoritet

Riisnæs har med same besetning som på 2nd Thoughts. Bandet er ei samspelt eining som responderer perfekt på Riisnæs’ idérike og melodiøse improvisasjonar. Riisnæs snakkar ikkje med utestemme, men han har ein autoritet i spelet sitt som kjenneteiknar store stilistar. Sjølv om det er Riisnæs som naturleg nok er den sentrale solisten, er bidraga frå Aarum eit absolutt aktivum for plata. Fossum og Olstad fyller komprolla på eksemplarisk vis, sjølv om Fossum også er med på å gjera «West End Blues» (ein Riisnæs-låt) til eit salig svir.

Spanande repertoar

Helvta av låtane er komponert av bandmedlemmene. Den andre halvparten er coverlåtar som ein høyrer så sjeldan at ein knapt kan inkludera dei i standardrepertoaret, med unnatak av Horace Parlans vakre ballade «Love And Peace», som avsluttar plata. Både Kenny Dorhams «La Mesha», Wayne Shorters «Lady Day» og Cedar Waltons «Midnight Waltz» viser at Riisnæs plukkar repertoar med stilsikkert grep. Dessutan viser det at han har ein spesiell affinitet til valsetakten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement