Ellen Brekken er sjef

Ei inspirert vitjing attende til 1970 og 80-åra

Magnus Sefaniassen Eide (t.v.), Magnus Bakken, Ellen Brekken og Espen Berg utgjer A Tonic for the Troops.
Magnus Sefaniassen Eide (t.v.), Magnus Bakken, Ellen Brekken og Espen Berg utgjer A Tonic for the Troops.
Publisert

Ellen Brekken har teke stega frå kompmusikarens «sutlause» tilvære bak frontfigurar som Hedvig Mollestad og Tord Gustavsen til å aksla orkesterleiarrolla og stå fram som spanande komponist, og her er det fullkomen glideflukt frå første freistnad.

Ho har fått eit dedikert lag med seg. Dette er fire musikarar som dreg i same retning, og som ser og utviklar potensialet i låtane Brekken har teke med seg til innspelinga.

Groove og flyt

Sjølv om tempoet til tider er høgt og rytmikken kompleks, er ikkje arrangementa overleste. Brekken har gjeve grooven og flyten i musikken forrang. Alle fire får høve til å utfalda seg. Sjølvsagt er det Bakken og Berg som markerer seg mest i dei improviserte sekvensane, men Brekken sjølv har eit fantastisk kor og hommage til Marc Johnson på «Marc’s Lament».

Tittellåten «Ambush» er i røynda ei like respektfull hylling til Mike Brecker. Duetten mellom Bakken og Eide er ei oppvising i intensitet, struktur og kontroll. Høgdepunktet kjem likevel på første kutt, «The Capitulation of Alexandria», med det elleville koret til Espen Berg. Her er det triospel av ypparste klasse.

I tradisjonen

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement