Musikk

Elektroniske røter

Early Tape Works er ei fredsam plate frå ein durkdriven artist.

Publisert

Kuniyuki Takahashi, som kjem frå Sapporo i Japan, er ein produsent av elektronisk musikk, mest kjend for djup, suggererande housemusikk som ofte er iblanda jazz og eksperimentelle element. Det nederlandske plateselskapet Music From Memory sette tidlegare i år søkelys på dei musikalske røtene til artisten med ei retrospektiv samleplate kalla Early Tape Works (1986–1993) Vol. 1, og no er Vol. 2 ute. På desse platene vert det servert eksperimentell, men likevel svært tilgjengeleg og melodisk elektronisk musikk som slett ikkje passar inn i klubbmusikkategorien.

For her er det ikkje tekno og elektronisk musikk i sedvanleg forstand vi får høyre. Vol. 1 var framifrå, og bydde på halvt om halvt med flytande ambientorientert musikk utan stødige trommebeats, og spor med spor etter tysk krautrock og industrial. Vol. 2 er likeins gjæv, men held seg på den meir flytande sida plata gjennom. Det tvitydige andresporet «Your Home» kunne – med sine rolege, men ulmande melodiar, vore vignettsongen til Twin Peaks. «Echoes of the Past» rører seg rundt i liknande terreng – det læt som ein mørk, sensuell og forskrudd ballade frå seint i 80-åra. «Asia» læt som ein hyperrealistisk simulasjon av austasiatisk tradisjonsmusikk, medan «Sakua no mizu» har eit meir midtaustleg preg.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel