Musikk
Elektronisk soloppgang
Mukqs lagar musikk inspirert av dataspel og asiatisk kultur, og uttrykket er både nostalgisk og framtidsretta.
Mukqs er pseudonymet til den Chicago-baserte musikaren og biletkunstnaren Maxwell Allison. Musikken hans vert spelt inn live rett på band, utan overdubs – det vil seie at heile lydbiletet blir produsert i sanntid, ved hjelp av synthesizerar, loopmaskiner, trommemaskiner, effektboksar og annan elektronikk.
Mukqs er ein produktiv type og gir gjerne ut fleire album i året, oftast i kassettformat i tillegg til digitale nedlastingar. Walkthrough frå 2016 læt som eit avslappande lydspor til eit TV-spel frå slutten av 80-talet, ein slags 8-bits ambientmusikk med element av kinesisk tradisjonsmusikk, medan 11,666,666,666,666,666,666 frå fjoråret har eit meir dystopisk, Blade Runner-aktig preg. Tittelen svarar til universets vekt i pund, ifølgje frijazzpioneren Sun Ras’ kosmologi.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.