Elektronisk ørken- og jungelstemning
Zatua byd på forvitneleg hybridmusikk frå Indonesia.
Goethe-instituttet i Jakarta ser ut til å ha nokre sporty bookingagentar i staben. Bandet Zatua spelte saman for første gong etter å ha blitt lagt til konsertprogrammet der i siste liten, med berre ei veke til å førebu seg. Det finst klipp på Youtube frå denne konserten, som i stor grad var improvisert ut ifrå enkle melodiske idear. Sidan den gong har bandet, med den Bali-baserte synthist-DJ-en Dea Barandana i spissen, raffinert materialet sitt og sett saman eit framifrå debutalbum.
Det heile startar med noko som høyrest ut som ei såkalla field recording av sjamanistisk song og fløytespel. Før det første minuttet er omme, har ein svært groovy og dramatisk, men relativt minimalistisk elektronisk beat blitt etablert. Låta heiter «Harimau», som tyder tiger, og kjensla av jungelkratt er umiskjenneleg. Spora «Nun Vuelvas Mas» og «Rubber Elite» minner, med sine snurrige bassliner og syrleg percussive gitarklimpring, om The Meters og George Clintons psykedeliske funk, kan hende blanda med ein dose av Herbie Hancocks Head Hunters, medan «Camel Express (Alatas Version)», spekka med rivande og røskande synthbass, orientalskklingande ørkensynthar, fransk spoken word-vokal, hammondorgel og iherdig, silkemjukt perkusjonsarbeid, er eit av dei definitive høgdepunkta på plata.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.