Elektronisk melankoli

Com Truise uttrykker lengt gjennom syntetiske lydteppe.

Publisert

Den amerikanske produsenten og designaren Seth Haley, betre kjend under aliaset Com Truise, lagar musikk metta med nostalgiske lydar som manar fram sterke kjensler av det tjukkaste 1980-talet. Har ein sansen for nostalgien ein finn i TV-serien Stranger Things, eller film- og filmmusikkskaparen John Carpenters faktiske produkt av 80-talet, vil ein med høgt sannsyn setje pris på Com Truises estetikk.

Det kan vanskeleg seiast at Com Truise fornyar stilen sin på Persuasion System. Her er det snarare tale om raffinering. Vi får høyre meir av det denne karen er god til – store, syntetiske lydteppe med merkeleg organisk dynamikk og komposisjon, der det er smurt tjukt på med sentimentalitet. (Artistnamnet er trass alt ikkje berre eit ordspel, men òg eit uttrykk for lengt.) Og det kjennest godt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement