Elektronisk fossilmusikk
Diplodocus manar fram lyden av dinosaurar kjende frå fantasiar i det 20. hundreåret.
Eit nytt tiår er i gang, og kva passar vel betre for å markere eit slikt høve enn å skrive om ein splitter ny musikksjanger – ein som handlar om noko så gamaldags som dinosaurar? Sjangeren eg siktar til, er dino synth, ein underart av dungeon synth, som igjen er ein avart av dark ambient. I dungeonsynthkomposisjonar, til dømes dei til Burzum, blir tema frå svartmetall, slik som det overjordiske og flyktige, primitive og mellomalderske, omsett til meir flytande lydlandskap med kitschy synth- eller midiinstrument. Diplodocus’ dinosynthmusikk ser lenger tilbake enn til mellomalderen, til mellomtida på jorda – eller nærare bestemt slik trias-, jura- og krittida blei fantasert om i førre hundreår.
På Slow And Heavy blir førhistoriske landskapsbilete måla av songar med titlar som «Faint Glimmer in the Mesozoic Sky», «Prowl of the Concavenator» og «Return of the Thunder Lizard». Dundrande paukar, gonggongar og basstrommer held takta til blytung marsj, keyboard- eller midihorn framfører dramatiske fanfarar og samplingar frå gamle dinosaur- og/eller monsterfilmar à la The Land That Time Forgot, og One Million Years B.C. manar fram ljomande, nostalgiske stemningar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.